– Me hadde nokon som var småskeptiske. Dei ville ikkje ha vatn i ansiktet, seier Anniken Slagstad, pedagogisk leiar i Bakkelidgrenda barnehage i Gloppen.
Men ingen er redde når NRK er på plass med kameraet i Trivselshagen basseng.
– No vågar dei å dykke under vatn, seier Anniken Slagstad.
Og det er målet i starten. Barna skal gjere seg vane med vatnet. Slik undervisning kan vere med på å redde liv.
– Ja, vi tenkjer at symjedugleik er veldig viktig for å få ned drukningstala i Noreg, seier Tanja Krangnes, seksjonsleiar for fagområdet drukning i Redningsselskapet.
Ordninga blei starta i 2015 for å få opp symjedugleiken blant barn. Om lag 70.000 barnehagebarn har sidan då hoppa uti basseng rundt om i landet. I 2018 gjekk 66 millionar kroner til slik opplæring.
Færre barn involverte i ulukker
Statistikken viser at langt færre barn er involverte i drukningsulukker no samanlikna med for 10 og 20 år sidan.
Dei siste fem åra omkom 11 barn i alderen 0 til 14 år etter drukning. I perioden 1990 til 1994 omkom 64 born i same aldersgruppe.
– Ein trur at dei fleste barna som druknar gjer det fordi dei ikkje har god nok symjedugleik, seier Jan Kjensli, utviklingskonsulent i Norges Svømmeforbund.
– Kan denne tidlege symjeundervisninga hjelpe?
– Ja. Effekten er eit høgare dugleiksnivå i symjing. Det gjer det lettare for skulen å nå dei måla dei har. Dess fleire barn som er på barnehagesymjing dess lettare blir det for skulen, seier Kjensli.
Ein perfekt dag
Ein av dei som brenn for at barna skal lære seg å symje er instruktør Theo Mekke i Trivselshagen basseng.
– Eg har ulike øvingar, og om barna klarer dei, så er min dag perfekt.
I Gloppen ser dei kva resultat opplæringa gjev.
– At dei får byrje allereie no med å bli vane med vatn trur eg har stor verdi for symjeutviklinga vidare, seier Anniken Slagstad i barnehagen.
– Dei blir ikkje leie?
– Nei, aldri.